fredag 6. januar 2012

Om fortida...

For nokre veker sidan, så snakka eg med ungane om evolusjonsteori i all enkelhet. Hugsar ikkje heilt kva som gjorde at vi kom inn på det, men der og då var det veldig naturlig. Så treng eg ikkje utdjupe kor interesserte dei var på det tidspunktet.

Vel vel, julafta så skulle eg og Oliver på flyplassen for å hente Stian. Oliver satt i baksetet og grubla litt for seg sjølv, før han seier:

O: Mamma, blei du født av mormor?
M: Ja, vennen, eg blei født av momor.
O: Men ken som fødte mormor då?
M: Det var jo mamma'n til momor....
O: Ja, og mamma'n til mormor blei født av en apekatt!


Konklusjon: Dei får med seg litt av det eg seier i heimen....

søndag 9. oktober 2011

Om framtida...

Sofie har en venninne på overnatting for aller første gang, og ved bordet i kveld satt dei to jentene og diskuterte kjærester.

T: Eg og Eirik er kjæresta.
S: Æsj... eg skal ikkje ha kjæreste eg.
T: Ken skal du gifte deg med når du blir stor då?
S: *tenker litt* Eg skal gifte meg med onkel Jonas - berre at då kjem han til å vere skikkelig, skikkelig gammal!

fredag 17. juni 2011

jaja.... takk for den....

Oliver: Mamma, e dinosaurusa egentlig farligare enn tigera?
Mamma: eh... jaaaa... men dinosaurusa finst ikkje lenger. Dei levde for manga mange år sia - mange milliona år sia faktisk...
Oliver: Å ja... mamma, var det då du var lita jente?
Mamma: Nei det var litt etterpå gitt.....

mandag 11. april 2011

Den rette - i dobbel forstand?

Sofie har hatt spysjuka i helga, og då er reglane sånn at ho ikkje skal gå i barnehagen før etter 48 timar. Det kan kjennast litt frustrerande å ta ut ein sjukedag på ein frisk unge - men for oss som har hatt omgangssjuka i hus 9 gongar så langt i 2011, så er denne regelen hellig. Dersom vi alle hadde klart å følge den, så hadde kanskje ikkje smitten vart så innmari lenge...
Vel vel, Oliver var også heime fra barnehagen i dag - og mens vi satt og spiste is så sa Sofie:

S: Eg skal flytte til Oslo når eg blir stor!
M: Skal du det? Det er jo langt fra Florø då....
S: Jamen, eg må jo bu i Oslo når eg skal gifte meg med kongen!

Eh... ja.... vi får vel neppe kongen til å flytte til Florø...

Litt seinare så satt vi og mala, og då var det følgande filosofering på gang:

S: Mamma Atif feira ikkje jul, han feira id.. (Atif er ein muslimsk gutt fra Linus i Svingen)
M: Ja det stemmer det. Det er fordi han har ein annan religion - han trur på ein annan gud...
S: Å ja... eg syns det er best å tru på den or'ntlige guden eg...

Hmmm... skummel uttalelse i desse dagar :)

torsdag 17. mars 2011

En umulig oppgåve...

Ungene sloss i dag, noko dei ikkje gjere sånn til vanleg akkurat. Men her var det spark, skubbing og slåing inne i biletet. Ho mor satte seg ned for å snakke alvor med ungane.

Mamma: Veit dokke ka - eg har vore så stolt kvar gong når eg har sagt at mine ungar sloss ikkje. Dei kranglar av og til, men dei sloss aldri.

Sofie: Men mamma, vi kan ikkje klare å gå heile livet igjennom uten å sloss litt då....

Ja, då er det kanskje best at dei får det ut medan dei er små... ;)

onsdag 16. mars 2011

Trøstende ord...

Stian kasta ein tyggis i do, og vi tre andre i familien reagerte sterkt på dette. Tyggisen skal i bosset og ikkje i do. Dette ga ungane sjokkert, men ettertrykkeleg beskjed om. Etter at Stian hadde fått "kjefta" som fortent, så kjem det trøstande frå Oliver:


Men pappa, vi e glad i det fordeom altså...

søndag 13. februar 2011

Om å ta ansvar - fullstendig

Sofie og Oliver er ute og leikar før middag. Plutselig går døra opp og Oliver står og ropar på meg:

Oliver: Mamma? Atte det skjedde nåke som var min feil. For atte det var berre min idê, også skjedde det et uhell som var min feil, for det var eg som sa vi skulle gjere det....
Monica: (såg for seg det verste, og lurte på kor stor bulken i bilen egentlig var....) åå? Ka er det egentlig som har skjedd?
Oliver: Men atte mamma, det er berre min feil altså, for det var eg som kom på det... Eg sa at vi skulle hakke isen av bøtta med en skistav, også kom vi borti bøtta, så den sprakk...Men det var berre min feil altså...

Puh... :)